Lærarane får 60 millionar til betre rettleiing

Fire av ti nyutdanna lærarar seier at dei får for lite fagleg oppfølging i overgangen frå utdanning til yrke. No blir rettleiinga styrkt med 60 millionar kroner.

Pengane blir fordelte på totalt 2.137 nyutdanna og nytilsette lærarar, etter at 189 kommunar og 49 friskular søkte om tilskot.

Tilskotet skal bidra til at skuleeigarane tar ytterlegare ansvar for å tilby nye lærarar rettleiing.

- Læraryrket er svært utsett for fråfall, særleg blant nyutdanna, og eg er glad for at vi no går ut med tydelege føringar for å støtte dei nyutdanna i det viktige samfunnsmandatet deira, seier KrFs utdanningspolitiske talsperson Hans Fredrik Grøvan.

I ei OECD-undersøking om utdanning, som vart gjord offentleg i juni, oppgav berre ein av fire nyutdanna lærarar at dei hadde deltatt i eit introduksjonsprogram på skulen, og berre éin av seks nytilsette lærarar hadde ein rettleiar eller mentor.

Tal frå SSB viser at rundt éin av ti grunnskulelærarar sluttar i jobben sin innan dei første fem åra etter ferdig utdanning.

(©NPK)

Regjeringa set av 60 millionar kroner til å styrke rettleiinga av nye lærarar.
Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix