Lårskade for King – Bournemouth tende nytt håp og hjelpte Solskjær

Ein snuoperasjon gjer at håpet om fornya kontrakt i Premier League lever for Bournemouth. Joshua King er skadd og var ikkje med i 4-1-sigeren over Leicester.

Bournemouth er i desperat poengnaud dersom plassen på øvste nivå i engelsk fotball skal bergast. Siger mot Leicester ville for alvor tenne håpet om Premier League-spel òg neste sesong.

Jamie Vardy gav Leicester leiinga, men ein strålande annan omgang av heimelaga sørgde for at alle tre poenga vart igjen på Vitality Stadium. Dermed har Bournemouth berre tre poeng opp til laga på trygg grunn i Premier League.

Leicester rauk på si side på ein smell i kampen på meisterligaplass. Det er gode nyheiter for Manchester United og Ole Gunnar Solskjær. Med siger mot Southampton måndag er laget til kristiansundaren oppe på tredjeplass.

Den viktige kampen gjekk utan Joshua King. Den norske landslagsprofilen var ikkje med då Bournemouths startoppstilling vart presentert, og på eigne kontoar i sosiale medium stadfestar klubben at spissen slit med ein strekk i låret.

Skaden blir likevel ikkje omtalt som spesielt alvorleg.

Vardy-mål

King har vore på bana i alle Bournemouths tre siste kampar. Søndag måtte han sjå Jamie Vardy sende Leicester i leiinga etter drygt halvspelt første omgang etter frykteleg forsvarsspel av heimelaget.

Fleire Bournemouth-spelarar hadde moglegheita til å klarere, men i staden kunne Vardy pirke inn det 23. målet sitt i Premier League denne sesongen.

Leicester heldt fram med å styre kampen, men fekk ikkje notert seg for fleire mål i første omgang.

Bournemouth kom ut etter kvila med ny giv. Callum Wilson var ein snau halvhalvmeter unna å spasere inn David Brooks presise innsvingar.

Like etter fekk Bournemouth straffespark. Eit klønete utspark av Kasper Schmeichel enda i ryggen på Wilfred Ndidi. Ein vaken Wilson snappa ballen og storma mot mål, men vart felt av Ndidi. Junior Stanislas hadde ingen problem med å ekspedere ballen i nettmaskene.

Solanke-show

Leicester-spelarane rakk knapt å samle seg før Bournemouth fullførte snuoperasjonen. Utskjelte Dominic Solanke fekk rive seg laus, og banka inn leiinga via Schmeichel og i mål.

Minutta etterpå vart høgdramatiske. Çaglar Söyüncü sparka til mot Callum Wilson inne i målet i etterkant av skåringa. Det vart plukka opp av VAR, som viste ut tyrkeren.

Junior Stanislas auka til 3-1 med dryge ti minutt igjen å spele, før Solanke noterte for seg det andre målet sitt like etter og fastsette sluttresultatet til 4–1. Ein smilande Joshua King vart fanga opp av TV-kamera. Resultatet betyr at King og lagkameratane hans for alvor er med i kampen om overleving i det gjævaste selskapet i engelsk fotball.

Bournemouths neste kamp er bortemøtet med Manchester City onsdag.

(©NPK)

Utskjelte Dominic Solanke enda scoringstørken med to livsviktige nettkjenningar mot Leicester søndag. Foto: AP Photo/Glynn Kirk, Pool / NTB scanpix