Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den tidlegare leiaren for det ytterleggåande høgrepartiet Nasjonal Front i Frankrike, Jean-Marie Le Pen, er på nytt bøtelagd for utsegn han har kome med om holocaust.
npk@npk.no
Publisert: 06.04.2016 kl 15:11
Den 87 år gamle tidlegare partileiaren har blant anna kalla gasskammera til nazistane, der millionar av jødar og andre blei utrydda, for «ein detalj» i historia om andre verdskrigen.
Ein fransk domstol fann han onsdag skuldig i å fornekte brotsverk mot menneska, noko som er straffbart i Frankrike, melder BBC.
Domstolen gav han derfor ei bot på 30.000 euro, drygt 284.000 kroner.
Jean-Marie Le Pen fekk ein tilsvarande dom i 2012, etter å ha hevda at nazi-okkupasjon av Frankrike under andre verdskrigen «ikkje var særleg inhuman». (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.