Leeds har sparka manager Marsch

Premier League-klubben Leeds har sparka manager Jesse Marsch etter eit knapt år i sjefsstolen.

Amerikanaren tok over jobben seint i februar i 2022. Då låg klubben på 16.-plass i Premier League. Marsch redda Leeds frå nedrykk med ein 17.-plass ved sesongslutt.

17.-plass er også der laget ligg etter litt over halvspelt Premier League-sesong. Dei har tre poeng meir enn Southampton på botnplassen.

Leeds skriv på nettsidene sine at René Maric, Cameron Toshack og Pierre Barrieu også har vorte sparka frå trenarapparatet.

Klubben skriv at dei takkar Marsch og teamet for innsatsen, og at det blir jobba med å finne ein erstattar for Marsch raskast mogleg.

(©NPK)

Jesse Marsch før Leeds-kampen mot Nottingham Forest søndag. Foto;: Rui Vieira, AP / NTB