Annonse

Legar og sjukepleiarar smitta av covid-19 i Italia

Ytterlegare åtte personar har testa positivt for det nye koronaviruset i Nord-Italia, blant dei fem sjukepleiarar og legar, opplyser helsestyresmaktene.

Det samla talet covid-19-pasientar i Italia har dermed stige til 17.

Dei nye smittetilfella vart oppdaga i Lombardia-regionen, der dei første såkalla sekundære smittetilfelle er påvist i landet, opplyste den regionale helsesjefen Giulio Gallera på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Den første i Nord-Italia som vart sjuk av lungeviruset, var ein 38 år gammal italienar. Han hadde møtt nokon som kom tilbake frå Kina 21. januar utan symptom på covid-19 og er no innlagt på sjukehus i kritisk tilstand. Kona til mannen og ein venn har òg testa positivt for viruset.

Tre pasientar på sjukehuset i småbyen Codogno der han kom med influensaliknande symptom for få dagar sidan, er òg smitta. Det same er fem sjukepleiarar og legar. Codogno ligg rundt seks mil søraust for millionbyen Milano.

Rundt 150 menneske er no plasserte i isolasjon i vente på testsvar. I Codogno har styresmaktene dessutan stengt skular, offentlege bygningar, restaurantar og kafear.

I forsøket på å hindre spreiing har styresmaktene bede til saman 35.000 innbyggarar i Codogno, og dessutan nabobyane Castiglione d'Adda og Casalpusterlengo, om å halde seg heime for å vere på den sikre sida.

(©NPK)

Nye senger blir rulla inn på sjukehuset i Codogno i Nord-Italia der pasientar smitta med koronaviruset frå Kina er innlagd. Foto: Luca Bruno / AP / NTB scanpix

Lombardias helsesjef Giulio Gallera (i midten) saman med regionspresident Attilio Fontana og velferdssjef Luigi Caiazzo på ein pressekonferanse i Milano fredag. Foto: Antonio Calanni / AP / NTB scanpix