Annonse

Legemiddelfirma stoppar utprøving av koronamedisin

Regeneron Pharmaceuticals stansar utprøvinga av eit nytt antistoff-legemiddel på alvorleg koronasjuke for å granske moglege skadelege biverknader.

Annonse

Ifølgje legemiddelfirmaet stansar dei no utprøvinga av legemiddelet på alvorleg sjuke covid-19-pasientar som er innlagde på sjukehus. Det skjer etter råd frå uavhengige ekspertar som kontinuerleg kontrollerer verknadene av legemiddelet.

Legemiddelet skal framleis utprøvast på mindre sjuke pasientar, opplyser Regeneron Pharmaceuticals.

Det er andre gong på kort tid at testinga av eit nytt antistoff-legemiddel blir stoppa. Tidlegare i månaden skjedde det etter åtvaringar om moglege biverknader knytt til eit legemiddel utvikla av Eli Lilly and Company i USA.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: AP / NTB