Leiaren for støttegruppa om 22. juli-utspel: – Eg er grunnleggjande forbanna

Også leiar i Den nasjonale støttegruppa, Lisbeth Røyneland, går hardt ut mot eks-ordførar Fabian Stang.

Tidlegare Høgre-ordførar i Oslo, Fabian Stang, har møtt kritikk frå fleire hald for Facebook-innlegget der han skulda Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre for å gjere 22. juli om til partipolitikk.

No tek òg Lisbeth Røyneland, leiar i Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, bladet frå munnen. På Twitter smell ho til mot Stang:

«Nå er jeg grunnleggende forbanna! Hvordan kan en sleivete uttalelse fra en eksordfører starte å definere debatten i mediene?», skriv Røyneland.

Stangs innlegg, som no er sletta, har fått stor merksemd dei siste dagane.

Bakteppet er at Støre i ein tale på Utøya 22. juli oppmoda høgresida i norsk politikk til å ta eit ansvar for å trekkje grenser mot det høgreekstreme tankegodset som låg bak terrorangrepa.

«Har ikke det vi og AUF formidlet i går synket inn i det hele tatt? Godt flere tar avstand fra Fabians uttalelser.», skriv Røyneland vidare.»

Både Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg og nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, har tidlegare sagt seg usamde i Stangs utspel.

(©NPK)