Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Tyske styresmakter meiner «islamiseringa» av Tyrkias innan- og utanrikspolitikk har gjort landet til eit knutepunkt for islamistgrupper.
npk@npk.no
Publisert: 16.08.2016 kl 19:53
Det skal kome fram i eit konfidensielt dokument som den tyske rikskringkastaren ARD har fått tilgang til.
– Som eit resultat av den aukande islamiseringa av Ankaras innan- og utanrikspolitikk sidan 2011, har Tyrkia blitt ei sentral plattform for verksemda til islamistgrupper i Midtausten, står det i dokumentet som er utarbeidd av det tyske innanriksdepartementet.
Dokumentet er basert på informasjon henta inn av den tyske etterretningstenesta BND, og kjem som svar på ein førespurnad frå opposisjonspartiet Die Linke.
– Dei mange uttrykka for solidaritet og støtteerklæringar til Det muslimske brorskapet i Egypt, Hamas og væpna opposisjonsgrupper i Syria frå det tyrkiske regjeringspartiet og president Recep Tayyip Erdogan, strekar under den ideologiske tilhøyringa deira, heiter det i svaret frå departementet.
Det er første gong tyske styresmakter koplar regjeringa til Erdogan til militante islamistgrupper (Hamas er sett på som ein terrororganisasjon av EU, Israel og USA).
Statsminister Angela Merkel og utanriksminister Frank-Walter Steinmeier har begge stelt seg hovudsakleg nøytrale til Tyrkias utanrikspolitikk så langt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.