Libanon på kanten av stupet
Libanon treng akutt hjelp på flerfoldige milliardar dollar, men forhandlingane med IMF har køyrt seg fullstendig fast.
Irritasjonen er stor på begge sider. Eit medlem av det libanesiske forhandlingsteamet seier at IMF har forlate bordet og at prosessen har stoppa heilt opp.
Ei kjelde frå eit vestleg land seier til AFP at det siste møtet enda i kaos og at IMFs representantar innstendig bad forhandlarane frå styresmaktene om ikkje å fordreie situasjonen og trikse med gjeldstal.
Den økonomiske krisa blir samanlikna med katastrofeperioden 1975–1990 då borgarkrigen rasa. Titusenvis av libanesarar har mista jobben, og dollar er vanskeleg tilgjengeleg, ei knappheit som har utløyst galopperande inflasjon.
Landet klarte ikkje å overhalde sine internasjonale låneforpliktelser i mars, og krisa flytta seg til gatene der rasande folkemengder i dagevis gav styresmaktene det glatte lag.
Fastlåst
Regjeringa lova reformer, og i mai starta forhandlingane med IMF om milliardar av kroner i krisehjelp. Men 16 møte seinare har forhandlingane gått i vranglås. Frå fleire hald blir det hevda at IMF er oppgitt over manglande vilje frå styresmaktene til å gjere noko grunnleggjande.
Fastlåste posisjonar er kvardagskost i det multireligiøse Libanon, der politikarar i uminnelege tider har vore skulda for kameraderi, korrupsjon og favorisering av eigne etniske grupper.
- Alle fraksjonar kjempar for interessene sine, medan landet brenn, seier ei kjelde med nær tilknyting til forhandlingane.
I kjølvatnet av forhandlingane med IMF har det oppstått ein intens debatt om Libanons økonomiske røyndom: kor store er eigentleg tapa som staten, sentralbanken og dei kommersielle bankane er påførte?
Tenk på eit tal
Tala varierer kraftig, alt etter kva vekslingskurs ein brukar mot dollar. Regjeringas estimat på budsjettunderskotet er ein milliardsum som svarer til 69 milliardar amerikanske dollar. Dette reknestykket byggjer på ein vekslingskurs på 3.500 libanesiske pund per dollar.
Ein parlamentskomité kjem til eit mykje lågare tal ved bruk av den gamle kursen med 1.507 pund per dollar. IMF blir sagt å ha mest tiltru til talet til staten, men er frustrert over det omskiftelige talmaterialet som blir lagt fram frå libanesisk side.
Sidan oktober har krisa auka, og folkemassane krev ei total omveltning av den politiske ordenen i Libanon. Heile den styrande klassen må skiftast ut, er kravet frå grasrota.
Rundt halvparten av befolkninga lever rundt fattigdomsgrensa, og arbeidsløysa ligg på 35 prosent. I dei siste dagane har vekslingskursen vore heile 9.000 pund for ein dollar.
Prisane på matvarer og ordinære forbruksvarer går rett i vêret. Vanlege folk klarer ikkje å fylle kjøleskapet, og ein grå økonomi med bytehandel veks. Klede, hushaldsartiklar og barnemat blir bytt på nett.
Strengare reglar
IMFs kravliste for å yte økonomisk bistand omfattar ein tettare kontroll og revisjon av operasjonane frå sentralbanken. I dag er det mykje uformelle nettverk som styrer bankdrifta. IMF ber òg om ein flytande kurs for pundet, slik at libanesarane kan forhalde seg til éin enkelt vekslingskurs.
Den storpolitiske situasjonen har gjort klimaet vanskeleg. Forhandlingane har vore førte mot eit bakteppe av aukande spenning mellom USA og Hizbollah, den iranskstøtta sjiamilitsen som er ein politisk nøkkelspelar i Libanon.
Den libanesiske regjeringa seier landet treng 20 milliardar dollar i ekstern finansiering, inkludert 11 milliardar som gjevarlanda lova under ein gjevarlandkonferanse i Paris i 2018. Men utan ein IMF-avtale er det lite truleg at gjevarane vil stå ved løfta sine, seier ei libanesisk kjelde til AFP.
Kjelda legg til at ein IMF-avtale er avgjerande, viss ikkje kan ein få ein vekslingsskrus på 25.000, kanskje 50.000 pund, mot dollar. Då spring inflasjonen fullstendig løpsk.
- Libanon utan ein avtale med IMF er på veg ned i avgrunnen, seier kjelda.
(©NPK)
Kø foran eit vekslingskontor i Beirut. Folk søkjer til dollar, og vekslingskursen går i veret. Foto: AP / NTB scanpix
Kraftige samanstøytar mellom politi og demonstrantar som vil kaste regjeringa.
Foto: AP / NTB scanpix