Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Toppleiinga i Forsvaret har for svak representasjon av kvinner, meiner avdelingsdirektør i Likestillingsombodet Elisabeth Lier Haugseth.
npk@npk.no
Publisert: 07.07.2016 kl 09:53
– Det er for svak representasjon. Eg er heilt overbevist om at Forsvaret kunne hatt fleire kvinner i toppleiinga, seier Lier Haugseth til NRK.
Organisasjonskartet til Forsvaret viser at det er 26 menn og éi kvinne i toppleiinga.
Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen seier til kanalen at kvinnedelen i toppleiinga speglar kor mange kvinner det er i Forsvaret totalt, og at han vil ha dei beste leiarane uavhengig av kjønn.
– Vi får like mange kvinner gjennom dette systemet som vi får menn. Prosentvis er fordelinga mellom kvinner og menn nokolunde lik frå dei unge i 20 til 30-åra til alderen dei har når dei er i toppleiinga, seier Bruun-Hanssen
– Forsvaret er ein kjempestor arbeidsgjevar som sysselset rundt 17.000 menneske totalt. Og det er ei sjølvfølgje at det skal vere ein betre representasjon av kvinner i toppleiinga i Forsvaret også, svarar Lier Haugseth. (©NPK)