Annonse

Lion Air har fått det første av ti nye Airbus-fly

Det indonesiske lågprisflyselskapet Lion Air har fått det første av ti Airbus A330neo og blir første selskap i Stillehavsregionen med denne modellen.

A330-900 har ein kapasitet på 436 passasjerar. Flyet vil bli brukt på langdistanseflygingar frå Indonesia til mellom anna Saudi-Arabia, opplyser Airbus i ei pressemelding.

Lion Air har til liks med mange andre flyselskap måtta setje delar av flåten på bakken etter at det vart innført flyforbod for Boeing 737 MAX-modellane. Lion Air har ti fly av denne typen.

737 MAX-flya vart sette på bakken etter to alvorlege ulykker det siste året. Den første av desse var eit fly som tilhøyrde nettopp Lion Air. I oktober 2018 mista 189 menneske livet då eitt av flya til selskapet styrta i Javasjøen kort tid etter avgang frå Jakarta. Det var ingen overlevande.

I mars omkom alle dei 157 om bord då eit Ethiopian Airlines-fly av same modell styrta kort tid etter avgang i Etiopia.

(©NPK)