Annonse

Lippestad trekkjer Sentrum mot venstre

– I dagens situasjon ønskjer vi ei sentrum-venstreregjering, sa partileiar Geir Lippestad i den første landsmøtetalen sin til partiet Sentrum.

I talen til det digitale landsmøtet rosa Lippestad partiorganisasjonen som har vorte bygd opp sidan partiet vart lansert i september 2020. Partiet har no 850 medlemmer.

Sentrum vart starta av den tidlegare Arbeidarparti-politikaren Lippestad saman med ei rekkje avhopparar frå KrF, Høgre, SV og MDG og har presentert kampen mot klimaendringar og kampen mot sosialt utanforskap som dei viktigaste sakene sine.

I talen sin trekte Lippestad mellom anna fram Nav-skandalen, asylpolitikken og FNs konvensjon for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD), som vart nedstemd i Stortinget tidlegare i år.

– Dagens regjering har vist at dei ikkje kan løyse klimakrisa. Under dagens regjering har forskjellane i Noreg auka, og fleire menneske får den lågaste ytinga, økonomisk sosialhjelp, sa Lippestad for å grunngi retningsvalet til Sentrum, som beskriv seg sjølv som eit blokkuavhengig parti som kan samarbeide begge vegar.

Landsmøtet til partiet finn stad laurdag.

(©NPK)

Partiet Sentrum har landsmøte denne helga. Geir Lippestad, som er advokat og leiar for partiet, skal halde tale.
Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Partiet Sentrum har landsmøte denne helga. Geir Lippestad, som er advokat og leiar for partiet, skal halde tale. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK