Lisbet Palme er død

Lisbet Palme, enka etter tidlegare statsminister Olof Palme, er død, opplyser familien. Ho vart 87 år gammal.

Anna Lisbet Christina Palme døde etter ei tids sjukdom. Ho var utdanna barnepsykolog og gift med Olof Palme frå 1956 fram til han vart drepen i eit attentat i 1986.

Lisbet Palme var toppsjef i FNs barnefond (UNICEF) frå 1990 til 1991 og hadde gjennom fleire år leiarstillingar i svenske UNICEF.

(©NPK)

Tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg helsar på Lisbet Palme under eit seminar om Olof Palme i Stockholm i 2011. Foto: Bertil Ericson / scanpix