Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein lokal listetopp for Partiet Dei Kristne i Sogn og Fjordane har meldt seg ut på oppfordring frå partileiinga etter eit kontroversielt Facebook-innlegg om Utøya-terroren.
npk@npk.no
Publisert: 05.08.2016 kl 07:19
Sist oppdatert: 05.08.2016 kl 09:13
Førre torsdag la Reinert Vigdal ut eit bilde av tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen og Ap-leiar Jonas Gahr Støre framfor eit banner med teksten «Boikott Israel», melder NRK. Bildet vart tatt på Utøya kort tid før angrepet 22. juli, og Vigdal hadde utstyrt innlegget med teksten:
«Denne reklamen var det Utøya-ungdommen presenterte like før ABB trådde inn i manesjen. Er det noko merkeleg at ABB ville ha vekk dette?»
Partiet Dei Kristne tok avstand frå Vigdals innlegg med ein gong.
– Eg gav han fridomen til å melde seg ut sjølv. Dersom nokon legg ut noko på Facebook som kan forsvare det Anders Behring Breivik gjorde, har dei ingenting i partiet vårt å gjere, sa fylkesleiar Bjørg Sølvi Refvik i Partiet Dei Kristne Sogn og Fjordane. Refvik bekreftar at Vigdal har meldt seg ut av partiet, og Facebook har sletta innlegget. Utøya-overlevande Torbjørn Vereide (Ap) seier han blir «forbanna» av innlegg som det Vigdal la ut.
Det tok fleire dagar før Vigdal svara på NRKs førespurnad om saka, og då viste han til fylkesleiar Refvik. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.