Annonse

Listhaug avviser at Frp har andrerangs verdiar

Sylvi Listhaug tar i Dagbladet til motmæle mot det ho meiner er KrF-leiar Knut Arild Hareides framstilling av Frp som eit parti med andrerangs verdiar.

Annonse

- Eg er skuffa over framstillinga til Hareide om at vi har andrerangs verdiar, trass i at vi har hatt eit godt samarbeid dei siste åra, seier Frp-nestleiaren.

- Hareide framstiller det skeivt og underkommuniserer eksempelvis dei antiisraelske haldningane i både Ap, og spesielt SV og LO, som ønsker boikott av den einaste jødiske staten i verda, seier Listhaug til Dagbladet.

Ho likar dårleg Hareides framstilling av KrFs retningsval som eit verdival mellom ei god venstreside og ei vond høgreside.

- Dersom du vil ha færrast mogleg asylsøkarar og flyktningar for å hjelpe flest mogleg menneske, då er du vond. Men opnar du grensene og får flest mogleg hit til Noreg, då er du god. For meg er det heilt snudd på hovudet. Som statsråd besøkte eg ein flyktningleir i Kenya der det budde 180.000 menneske, familiar, kvinner og barn. Så skal vi liksom hente ut dei mest sårbare. Eg såg ikkje ei einaste sjel som ikkje var sårbar. Det gode er då liksom å plukke ut nokon som trekkjer lykkeloddet, mens resten sit igjen. Leiren i Kakuma vart driven med eit budsjett på 200 millionar kroner, mens Noreg betalar ein milliard kroner for å ta imot 1.000 kvoteflyktningar. For meg er det heilt feil, seier Listhaug.

I neste veke gir ut ho boka «Der andre tier». Listhaug meiner dei tidlegare regjeringskollegaene hennar ikkje har grunn til å vere bekymra over innhaldet i boka.

- Håpet mitt er at boka skaper debatt. At den bidrar til å sette politikken på dagsordenen igjen. Det siste året har det meste dreidd seg om skandalar, sexhistorier og alt anna enn politikk, seier Listhaug.

(©NPK)

- Dersom du vil ha færrast mogleg asylsøkarar og flyktningar for å hjelpe flest mogleg menneske, då er du vond. Men opnar du grensene og får flest mogleg hit til Noreg, då er du god. For meg er det heilt snudd på hovudet, seier Frp-nestleiar Sylvi Listhaug. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix