Klargjør siden...

Listhaug glad for asylstøtte frå Ap

(NPK-NTB): Responsen frå Arbeidarpartiet gir innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) håp om fleirtal for dei omstridde forslaga til innstrammingar i asylpolitikken.

Samarbeidsavtalen gjer at regjeringspartia først må snakke med Venstre og KrF, men den fritalande Frp-statsråden merkar seg støtta frå Ap.

– Eg er glad for at Arbeidarpartiet så tydeleg signaliserer støtte til forslaget. Dersom Ap no ikkje vinglar, er det fleirtal på Stortinget for innstrammingane vi foreslår, seier Listhaug til NTB.

Tysdag la ho fram eit 150 siders høyringsforslag om asylinnstrammingar, med 40 større og mindre endringar i lover og forskrifter.

Frå alle dei andre partia var tilbakemeldingane tysdag av det kritiske slaget, men Ap-nestleiar Trond Giske var meir opptatt av å angripe tidsbruken til regjeringa enn sjølve innhaldet i høyringsforslaget.

– Vi er i stor grad einig i at vi skal ha ein streng linje, sa han. (©NPK)

Annonse