Annonse

Liverpool blir utan Henderson tre veker

Liverpool må greie seg utan lagkaptein Jordan Henderson dei neste tre vekene som følgje av hamstringskaden han pådrog seg i meisterligatapet mot Atlético Madrid.

Annonse

Det sa manager Jürgen Klopp på pressekonferansen på fredag før kampen på søndag mot West Ham.

– Det kunne vore verre. Det er ulik alvorsgrad på hamstringskadar. Sjå på Harry Kane, til dømes. Tre veker er ikkje så ille. Det er ikkje greitt, men vi er likevel heldige, sa Klopp.

Liverpool-laget hans har ikkje tapt i Premier League sidan januar i fjor og er no oppe i 44 kampar på rad, den nest lengste rekkja utan tap i engelsk fotball nokosinne. Arsenals rekord på 49 er innan rekkjevidd.

No kjem laget rett frå eit tap, og det er ei uvand oppleving for mennene hans Klopp.

– Forskjellen er enorm. Det er solskin og ausregn, og det er slik det bør vere. Om du ønskjer suksess, så må det kjennast fælt å tape, og slik kjendest det òg i Madrid. Vi vil rette det opp søndag sjølv om det er ei anna turnering, sa Klopp.

(©NPK)

Liverpool må greie seg utan lagkaptein Jordan Henderson (til venstre) i tre veker som følgje av hamstringskaden han pådrog seg i meisterligatapet mot Atlético Madrid. Foto: Manu Fernandez, AP / NTB scanpix