Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): LO-leiar Gerd Kristiansen la ikkje skjul på kva ho meinte om flypassasjeravgifta då ho heldt ein appell under ei støttemarkering på Rygge flyplass onsdag.
npk@npk.no
Publisert: 01.06.2016 kl 19:05
– Eg har aldri vore borti ei så merkeleg sak som denne. Ikkje på grunn av miljøavgifta, men på grunn av regjeringas behandling av saka, sa LO-leiar Gerd Kristiansen i appellen.
Ho understreka at regjeringa eine og åleine må ta ansvaret for nedlegginga av flyplassen på Rygge.
– Dei har innført ei avgift med ukjent miljøeffekt. Det einaste som er sikkert er at mange misser jobben og at arbeidsløysa aukar i Østfold, sa Kristiansen.
Ho kritiserte regjeringa og statsminister Erna Solberg (H) for å prøve å få saka til å handle om Ryanair.
– Det var ikkje Ryanair som var årsaka til at avgifta vart innført. Den vart innført i innspurten av eit budsjettforlik for å balansere eit statsbudsjett. Dette er det komplette idioti, mente LO-leiaren, som minna regjeringa om at det ikkje er for seint å ombestemme seg.
– Erna Solberg svertar Ryanair for å få fokuset bort frå saka samtidig som regjeringa skal ha høyring om bruk av asiatisk mannskap på norskregistrerte fly. Det står derfor ikkje til truande når ho snakkar om Ryanairs dårlege personalpolitikk, meinte Kristiansen.
Ho peikte på at også Widerøe har meldt om kutt i rutetilbodet som følgje av avgifta og at kortbanetilbodet i Noreg kan bli redusert som følgje av denne.
– Ta til vitet og snu, avslutta Gerd Kristiansen.
Det er Venner av Rygge som arrangerer støttemarkeringa i terminalbygget på Moss Lufthavn Rygge. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.