LO og NHO utset AFP-forhandlingar i eitt år

LO, NHO og regjeringa treng meir tid på å greia ut ny avtalefesta pensjon. Dermed blir ikkje AFP forhandlingstema før i 2020.

- Det er eit omfattande arbeid, og vi ser no at det tek meir tid enn det vi opphavleg såg for oss, seier nestleiar Peggy Hessen Følsvik i LO, ifølgje Frifagbevegelse.

Meklinga i hovudoppgjeret mellom LO og NHO enda i ein protokoll der partane vart einige om å gjennomføre ei felles utgreiing basert på semja til partane om målet for ein framtidig AFP. Dei bad regjeringa om bistand til å gjennomføre utgreiinga som skulle vere ferdig i desember 2018, slik at det var mogleg å få resultatet inn som ein del av mellomoppgjeret 2019. For LO er det viktig at resultatet kan sendast til uravstemming blant medlemmene.

No meiner partane at det er behov for å kunne bruke ytterlegare eitt år på dette arbeidet.

- Vi tek sikte på å ferdigstille arbeidet hausten 2019, i god tid før oppgjeret i 2020, seiar direktør for arbeidsliv i NHO, Nina Melsom.

I tillegg opplyser LO at oppstarten av ordninga med eit nytt slitartillegg er forseinka. Tillegget erstattar sluttvederlagsordninga som blir stengd 1. januar 2019.

- Slitartillegget får tilbakeverkande kraft frå 1. januar, forsikrar Hessen Følsvik.

Eitt av LOS viktigaste krav i tariffoppgjeret med Finans Noreg var krava om eit «slitartillegg» for dei som ikkje orkar å jobbe etter 62 år, etter modell frå tariffoppgjeret med NHO i år.

(©NPK)

LO, NHO og regjeringa treng meir tid på å greie ut ny avtalefesta pensjon. Dermed blir ikkje AFP forhandlingstema før i 2020. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix