Annonse

LO varslar kraftig opptrapping av kulturstreiken

Dersom den tvungne meklinga 30. september ikkje fører fram, vil LO Stat ta ut 249 kulturtilsette til i streik.

Den 30. september vil konflikten ha vart i fire veker.

– Vi håpar alltid på ei løysing og jobbar for å få arbeidsgivarane til å gå inn i reelle forhandlingar om kjønnsnøytrale og livsvarige pensjonsytingar. Vi har løysinga, men arbeidsgivarane nektar å lytte, seier Lise Olsen, nestleiar i LO Stat og forhandlingsleiar, i ei pressemelding.

Ei opptrapping av streiken inneber at ytterlegare ni blir teken ut i streik ved Den Nationale Scene. 51 blir tekne ut ved Den Norske Opera og Ballett, 16 ved Det Norske Teatret, 25 ved Nationaltheatret, 35 i Kilden-Kristiansand Symfoniorkester, og 26 ved Kilden Teater og Konserthus.

I tillegg blir 22 tekne ut ved Trøndelag Teater, 16 ved Oslo Nye Teater, 14 ved Hålogaland Teater, 7 ved Teater Innlandet, 11 ved Carte Blanche, 5 ved Det Vestnorske Teateret og 12 ved Turnéteatret i Trøndelag.

I alt vil dermed 805 kulturtilsette vere i streik frå 1. oktober dersom meklinga ikkje fører fram.

(©NPK)

LO-leder Peggy Hessen Følsvik møter streikevakter ved Nationaltheatret, Det norske teateret og Den Norske Opera. Foto: Terje Pedersen / NTB