Lone Merethe Solheim konstituert fylkesmann i Rogaland

Lone Merethe Solheim er konstituert som ny fylkesmann i Rogaland fram til stortingspolitikar og noverande helseminister Bent Høie (H) tar over stillinga.

Lone Merethe Solheim er konstituert som ny fylkesmann i Rogaland fram til stortingspolitikar og noverande helseminister Bent Høie (H) tar over stillinga.

54 år gamle Lone Merethe Solheim arbeider i dag som avdelingsdirektør i Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland.

Ho er utdanna jurist, og har dei siste 13 åra arbeidd som leiar på ulike nivå hos Fylkesmannen i Rogaland.

- Med solid leiarerfaring frå fleire fagavdelingar, peika Solheim seg ut som den beste kandidaten til å leie embetet dei neste åra, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Noverande helseminister Bent Høie (H) overtar som fylkesmann i Rogaland når han går av som stortingsrepresentant hausten 2021.

(©NPK)