Annonse
Annonse

Løysing i striden om pelsdyrtakst

Landbruksdirektoratet og Norsk Landbrukstakst (NLT) er samde om å ta opp att avtalen om taksering av pelsdyranlegg.

Annonse

Landbruksdirektoratet og Norsk Landbrukstakst er samde om å ta opp att avtalen om taksering av pelsdyranlegg.

Det kjem fram i ei pressemelding tysdag.

– Takstane er ein vesentleg del av grunnlaget for saksbehandlinga til direktoratet for å kunne tilby og grunngi ei erstatning. Eg er derfor glad for at det er semje mellom oss og NLT om å ta opp att samarbeidet, seier administrerande direktør i Landbruksdirektoratet, Jørn Rolfsen.

Målet er at takseringsarbeidet skal takast opp att raskt og Rolfsen har tillit til at NLT vil utføre oppdraget profesjonelt og med høg integritet.

For å minimere konsekvensane av forseinkingane, vil Landbruksdirektoratet halde fram med å tilby forskot på erstatning samtidig som takseringsarbeidet startar opp.

(©NPK)

Annonse