Annonse

Lundby best i skadecomebacket: – Herleg at det gjekk såpass bra

Maren Lundby vann som ho ville i noregscuprennet på Lillehammer fredag. Det var den første hoppkonkurransen hennar på fleire månader.

Lundby hoppa 96 og 95 meter og oppnådde 305,2 poeng. Ho vann 8,1 poeng føre Silje Opseth, som to gonger hadde 93,5 meter i sine svev.

Totningen stod over plastsesongen på grunn av ein kneskade. Tidlegare i år vart det kjent at Lundby har fått «jumpers knee».

– Det var moro å vere tilbake. Herleg at det gjekk såpass bra. Eg er svært godt fornøgd, for eg har ikkje så veldig mange hopp denne månaden, seier Lundby til NTB.

– Korleis ligg du an i progresjonen?

– Eg håpar at det er litt meir å gå på. Eg hoppa ei økt for to dagar sidan. Det gjekk tolleg greitt, men litt rusk sjølvsagt. Så var det to prøveomgangar i dag, og då gjekk det ikkje bra, fortel hopparen frå Kolbukameratene.

– Eg synest at det var bra at eg klarer å snu det i konkurranse. Eg må rekne med at det er litt ustabilt no i starten, seier Lundby vidare.

Spennande

Hoppstjerna er optimistisk før verdscupstarten. Det første rennet er i Austerrike 18. desember.

– Eg veit at dei andre her har heva nivået, og vi har eit bra lag. At eg vinn med åtte poeng på Silje, ser eg på som eit godt teikn. Eg trur det blir spennande i Ramsau.

– Det blir også spennande laurdag i storbakken, sjølv om det er normalbakken her som passar meg best.

Den 11. mars i år vart Opseth først utropt som vinnar i den store Lysgårdsbakken, men sigeren gjekk til slutt til Lundby på grunn av noko kluss med poengutrekninga.

– Eg er framleis den av oss som er nærast Maren. Eg var nok litt nærare førre gong vi konkurrerte, seier Opseth.

Strøm så vidt

Anna Odine Strøm vart nummer tre etter 89 og 87,5 meter i rennet på fredag. Alta-hopparen var berre 0,1 poeng føre Eirin Maria Kvandal, som greidde 88 og 89,5 meter.

Alle dei fire beste jentene hoppa frå ein lågare avsats enn dei andre i første omgang.

Laurdag skal jentene hoppe NM i den store Lysgårdsbakken.

(©NPK)

Maren Lundby kunne smile etter noregscuprennet på Lillehammer fredag. Foto: Geir Olsen / NTB

Maren Lundby vann norgescuprennet i Lysgårdsbakken fredag. Foto: Geir Olsen / NTB