Klargjør siden...

Lundemo klar for LSK

Marius Lundemo (28) returnerer til Noreg har signert for Lillestrøm. Han kjem gratis til klubben etter at kontrakten med kypriotiske Apoel vart terminert.

Han har signert ein kontrakt ut 2023-sesongen, opplyser LSK på nettsidene sine.

– Det kjennest veldig bra å ta på seg denne trøya igjen. Det er litt som å komme heim, sjølv om eg er Bærum-gut. Lillestrøm var den første proffklubben min. Utgangspunktet for klubben er noko heilt anna enn då eg var her sist, fortel Lundemo etter overgangen.

Midtbanespelaren blir presentert framfor Åråsen-publikummet i pausen i kampen mellom Lillestrøm og finske SJK i 2. kvalifiseringsrunde til Conferenceligaen torsdag.

Også sportssjef Simon Mesfin er fornøgd med å ha 28-åringen tilbake på Åråsen.

– Vi er veldig glad for at Marius er tilbake i LSK. Han kjenner klubben, er topp motivert og har framleis mykje å gi. I første omgang har vi skrive ein kontrakt ut 2023, men for begge partar er det aktuelt med eit lengre ekteskap enn som så, seier han.

Midtbanespelaren kan få sin redebut for dei gulkledde heime mot Tromsø 7. august. Lillestrøm ligg på 2.-plass i Eliteserien, tre poeng bak Molde på tabelltopp. Laget frå Romerike har likevel ein kamp til gode på serieleiarane.

Lundemo spelte for klubben frå 2014 til han vart henta til Rosenborg i 2016. Etter fleire år i Trondheim, som inkluderte to seriegull og éin cuptriumf, gjekk turen vidare til Apoel på Kypros. Der vart kontrakten til 28-åringen terminert tidlegare i år.

TV 2 har tidlegare meldt at midtbanespelaren nærma seg LSK, og no er det klart. Bæringen Lundemo står med 60 kampar for kanarifuglane og skal bidra i eit lag som kjempar i toppen i Eliteserien.

(©NPK)

Marius Lundemo returnerer til Noreg og er klar for Lillestrøm. Foto: Ole Martin Wold / NTB

Annonse