Annonse

Lysbakken krev null oppseiingar i byte mot koronastøtte

Regjeringa må stille krav om at bedrifter som får store midlar i krisehjelp, ikkje seier opp tilsette, krev SV.

Annonse

Til veka vil SV leggje fram eit nytt forslag i Stortinget om null oppseiingar, opplyste SV-leiar Audun Lysbakken då han laurdag talte til landsstyret til partiet.

– I Noreg blir stilt det tøffe kravet til enkeltpersonar som får hjelp frå staten. Kvifor skal det ikkje stillast like tøffe krav til dei rike og dei store selskapa når det er dei som får hjelp, sa Lysbakken.

– Skulkar dugnaden

Han viser mellom anna til selskapet Compass Group, som mellom anna driv kantinekjeda Eurest, og hotellkjeda Scandic som begge nyleg har sagt opp rundt 300 tilsette.

– Totalt uakseptabelt, seier Lysbakken, som meiner at selskapa med dette skulkar unna koronadugnaden.

Han peikar på at Compass Group fekk 12 millionar kroner i koronastøtte i fjor, medan Scandic fekk heile 192 millionar kroner.

– Det er ingen dugnad om ikkje krisepengane òg kjem arbeidsfolk til gode. Kva om folk i faste jobbar blir sagt opp no og i staden blir henta inn som lausarbeidarar når tidene blir betre? spør han.

– Seint på banen

Fredag la regjeringa fram forslag om å forlengje perioden for dagpengar slik at arbeidsledige kan halde fram på ytinga fram til 1. juli. Men Lysbakken skuldar endå ein gong regjeringa for å komme seint på banen.

– Igjen og igjen er det opposisjonen som pressar regjeringa fram til handling, seier han.

SV-leiaren krev samtidig betre krisehjelp til utsette bransjar, forlengde koronatillegg på dagpengar, at permisjonsperioden blir forlengd til 18 månader, at fleire med små stillingar og låg lønn får høve til å få dagpengar og at støtta til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar blir forlengd.

Nei til portforbod

Lysbakken er òg svært kritisk til forslaget om portforbod som regjeringa har sendt på høyring.

– Det er heilt uaktuelt å godta. Det er rett og slett ei unorsk løysing, meiner SV-leiaren, som fryktar at om Stortinget vedtek regjeringsforslaget, vil det senke terskelen for å innføre portforbod.

(©NPK)

SV-leiar Audun Lysbakken går hardt ut mot selskap som får millionar i koronastøtte, men likevel seier opp tilsette. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB