Macron meiner det er for seint for ein ny brexitavtale

Frankrikes president Emmanuel Macron meiner det er for seint å diskutere ein heilt ny brexitavtale innan fristen 31. oktober.

Macron møtte torsdag Storbritannias statsminister Boris Johnson i Paris for å diskutere brexit.

Til liks med den tyske regjeringssjefen Angela Merkel, støtter Macron dialog for å finne ei løysing rundt irskegrensa, som har prega forhandlingane sidan 2017.

- Eg ønsker å vere veldig tydeleg. I den kommande månaden vil vi ikkje komme fram til ein brexitavtale som avvik mykje frå originalen, sa Macron ved Elyséepalasset torsdag ettermiddag.

Macron la likevel til at ingen kjem til å vente til 31. oktober med å prøve å finne ei god løysing på utgangen til britane frå EU.

Johnson håper framleis å få på plass ein ny avtale med EU før britane går ut 31. oktober.

Han har peika på tre problem med Theresa Mays avtale og den såkalla backstop-løysinga for irskegrensa. Den britiske statsministeren meiner backstop-løysinga er «udemokratisk og i strid med britisk suverenitet», at ho står i vegen for det endelege målet til britane og framtidige forhold til EU og at ho truar fredsavtalen for Nord-Irland.

- Eg vart veldig oppmuntra av samtalane våre med dei felles vennene våre i Berlin i går kveld, og eg veit at vi med energi, kreativitet og engasjement kan finne ein veg framover for alle selskapa og medborgarane våre, sa den britiske statsministeren i etterkant av møtet på torsdag.

(©NPK)

Storbritannias statsminister Boris Johnson og Frankrikes president Emmanuel Macron etter møtet deira i Elyséepalasset i Paris torsdag ettermiddag. Foto: Daniel Cole / AP / NTB scanpix