Annonse

Magnus Carlsen starta sjakk-VM med remis

Magnus Carlsen styrte inn til poengdeling i det første VM-partiet mot Jan Nepomnjasjtsjij i klassisk sjakk. Utfallet i Dubai var klart etter snautt fire timar.

Spelarane forlét brettet etter 45 trekk. Alle Carlsens fem opningsparti i langsjakk-VM har enda med remis. Han har vore verdsmeister utan avbrot sidan 2013.

Med svarte brikker ofra Carlsen tidleg ein bonde fredag. Det gav Nepomnjasjtsjij eit stillingsmessig overtak, men det var ikkje nok til å bane veg for russisk siger.

«Nepo»gjekk for ei såkalla spansk opning. Det er blant dei mest vanlege startvariantane i sjakkhistoria. Trekka vart gjorde radig unna det første kvarteret, men deretter vart det mykje tenkjetid på begge sider av bordet.

Carlsen brukte mellom anna over 20 minutt før han bestemde seg for å flytte ei tårnbrikke i ein meir aktiv posisjon.

Seinare gav eit Nepomnjasjtsjij-val utslag på sjakkcomputeren. Den likte ikkje trekken til russaren då han slo ut ein av Carlsens løparar, og sigersprosentane vippa over i norsk favør.

Men fordelen forsvann med Carlsens kongeflytting i det 27. trekket. No vart «Nepo» anslått å ha best stilling.

Endringar

For tre år sidan vart opningspartiet i London-VM ein maraton. Sju timar tok det før Carlsen og Fabiano Caruana forlét brettet med remis. Poengdeling vart òg utfallet i alle dei andre partia, og meisterskapen gjekk til omspel. Der avgjorde ein suveren Carlsen med tre strake sigrar i hurtigsjakk.

Heile 23 av dei 25 siste VM-partia i langsjakk har gitt remis. Før duellen i Dubai vart det gjort endringar i formatet i håp om at det skal gi fleire sigrar.

– Med tolv parti er det veldig kritisk å hamne bakpå, men med 14 får ein fleire sjansar til å reparere situasjonen, påpeikar Noregs sjakkpresident Simen Agdestein overfor NTB.

I tillegg får ikkje spelarane lenger ekstra tid på klokka før tidskontrollen. Dei får to timar på å gjere unna dei 40 første trekka.

Bak innbyrdes

Nepomnjasjtsjij er den einaste toppspelaren som leiar innbyrdes mot Carlsen. Tala viser fire sigrar og eitt tap. Statistikken strekkjer seg tilbake til då dei var barn.

Åtte år er gått sidan Carlsen tok den første VM-tittelen sin i klassisk sjakk. Den kom mot indiske Vishy Anand, og han forsvarte han mot same motstandar året etter. To nye triumfar kom etter omspel mot Sergej Karjakin i 2016 og Caruana i 2018.

Carlsen har òg VM-gull i hurtigsjakk (tre) og lynsjakk (fem). Til samanlikning har ikkje «Nepo» vunne nokon verdsmeisterskapar som seniorspelar.

Det blir spelt nye parti i Dubai laurdag og søndag. Første avbrekk skjer måndag, og det blir éin av fem planlagde kviledagar.

Førstepremieren er på over 11 millionar kroner. Koronapandemien utsette meisterskapen med eitt år.

(©NPK)

Magnus Carlsen spelte med svarte brikker i opningspartiet mot Jan Nepomnjasjtsjij i langsjakk-VM i Dubai fredag. Foto: Kamran Jebreili / AP / NTB

Magnus Carlsen (t.h.) og Jan Nepomnjasjtsjij før opningspartiet i langsjakk-VM i Dubai fredag. Foto: Kamran Jebreili / AP / NTB