Annonse

Magnus Carlsens trenar meiner sjakkmeisteren nærmar seg eige toppnivå

Magnus Carlsen har vist særs gode takter den siste tida. No varslar trenaren at sjakkmeisteren nærmar seg nivået der han er mykje betre enn alle motstandarar.

Annonse

- Dei siste fire månadene har han vore veldig nær sitt eige toppnivå. Året før var han eigentleg litt ute av balanse, seier Carlsens danske trenar Peter Heine Nielsen til Ritzau.

Onsdag var nordmannen i balanse då han slo det danske sjakktalentet Jonas Buhl Bjerre (14) to gonger i hurtigsjakk. Før partia slo han alle 24 motspelarar i simultansjakk.

Sjølv om det ikkje er VM-kamp i år, har Carlsen eit svært tett turneringsprogram i 2019. Nordmannen har vunne dei fire turneringane han så langt har deltatt i og jaktar si eiga rekordrangering på 2.882 frå 2014. Ved førre rangering låg han på 2.861.

- Ein Magnus Carlsen som ikkje leverer sitt beste, er nummer éin i verda. Ein Magnus Carlsen som speler opp mot sitt beste, er langt betre enn dei andre, uttaler Nielsen.

- Viss Magnus er i god form, så vinn han. Det vesentlege er at viss tinga ikkje fungerer, så skal vi finne ut av korleis han likevel vinn, held den danske trenaren fram.

Carlsens neste turnering er Norway Chess i Stavanger frå 3. til 15. juni. Rett etterpå skal han spele den andre Grand Chess Tour-turneringa i sesongen i Kroatias hovudstad Zagreb. Det skjer mellom 24. juni og 9. juli.

(©NPK)

Magnus Carlsen saman med trenar Peter Heine Nielsen etter Norway Chess i Stavanger 2018. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix