Annonse

Mahomes vann uforgløymeleg quarterbackduell og førte Chiefs til siger i Superbowl

Patrick Mahomes gav Kansas City Chiefs valuta for gigantkontrakten han signerte i 2020 då han førte laget til 38–35 over Philadelphia Eagles i Superbowl.

Det gjorde han i ein forrykande quarterbackduell med Jalen Hurts, men det var eit trepoengspark åtte sekund før slutt som avgjorde.

Harrison Butker hadde missa sitt einaste trepoengforsøk i kampen, men han heldt nervane under kontroll og sparka vinnarpoenga frå 27 yards.

Mahomes har teke Chiefs minst til semifinale i alle fem sesongar han har vore førsteval, og i sin tredje finale ordna 27-åringen tittel nummer to, trass ein smertefull ankelskade. Han ser ut til å vere verd dei 503 millionar dollar (over fem milliardar kroner) Chiefs betaler han i tiårskontrakten.

– Æra for dette går til Pat Mahomes og blokkeringsspelarane som vernar han, sa Chiefs-trenar Andy Reid etter sigeren mot klubben som sparka han for ti år sidan.

Etter ein tung første halvdel skåra Chiefs i alle angrepa sine etter pausen.

– I garderoben var vi alle samde om at vi måtte heve oss, sa Mahomes etter andre tittelen til laget på fire år. Han vart kåra til den mest verdifulle spelaren i finalen.

Sceneskifte

Slik såg det ikkje ut før pause. Då sat han for det meste og såg på medan Eagles hadde ballen og Jalen Hurts viste kvifor mange meiner at han og ikkje Mahomes burde vore kåra til den mest verdifulle spelaren i sesongen (MVP).

Chiefs-forsvaret skåra like mange poeng som angrepet i første halvdel, og ved pause stod det 24–14 til Eagles, men etterpå tok også Mahomes fyr.

Trass ein ny smell i den vonde ankelen sin førte han laget til tre nye touchdown og leiing. Hurts svarte med ein pasning på 45 yards til DeVonta Smith og sprang deretter inn sitt tredje touchdown for kvelden og deretter to ekstrapoeng som gjorde at det stod 35–35.

Med tydelege smerter i ankelen førte Mahomes laget sitt til endå eit poenggivande angrep medan laget brukte opp resten av tida på klokka før Butker sparket vinnarpoenga.

Jerick McKinnon hadde fri veg og kunne ha sprunge inn eit touchdown snautt to minutt før slutt, men valde å stoppe før mållinja for ikkje å gi motstandaren tid til å komme tilbake.

Ei omstridd dommaravgjerd mot Eagles for halding skapte debatt i det siste angrepet.

Dominerte

Chiefs vann myntkastet og valde å la Eagles få ballen først. Laget skulle nesten ikkje få låne han i første omgang. Eagles hadde ballen nesten 22 av dei 30 minutta og gjekk til pause med ti poengs leiing.

Mange har vore opptekne av at den 57. Superbowl er den første der begge lag stiller med svart quarterback, og det i ein liga der afroamerikanarar dominerer i mange posisjonar.

– Eg tenkjer mykje på det, og på spelarane som bana veg for oss, sa Mahomes i opptakten til kampen. Han vart rett før helga kåra til sesongens MVP, framfor Hurts.

Hurts fekk utfalde seg då kampen starta. Då Rihanna entra scena for halvtidsshowet (og såg ut til å røpe at ho er gravid), hadde han kasta ein touchdownpasning og sjølv sprunge inn to touchdown. Hurts hadde 183 pasningsyards før pause, og sprang i tillegg med ballen 63 yards.

Det såg ut som eit vendepunkt då Hurts på stillinga 14–7 glapp ballen så Chiefs-forsvarar Nick Bolton kunne plukke den opp og springe den tilbake 36 yards til touchdown. I neste angrep såg Hurts ei lita stund ut som han hadde mista sjølvtilliten, men så slo han til med eitt av sine nesten ustoppelege løp. Eagles viste mot ved to gonger å halde fram angrepet på 4. forsøk og vart påskjønt med touchdown og ny leiing vel to minutt før pause.

Grimasar

Chiefs prøvde å slå tilbake, men Mahomes vart takla av T.J. Edwards og slo opp ankelskaden han pådrog seg i kvartfinalen. Han halta av banen og skar stygge grimasar på sidelinja medan Eagles fekk endå eit angrep som enda med eit trepoengspark.

Mahomes kasta ein touchdownpasning til Travis Kelce i Chiefs' første angrep, men det var einaste suksessoppleving for Chiefs-angrepet i første halvdel. Laget var i posisjon til eit trepoengspark på 7-7, men det sende Butker i stolpen og ut.

Trass den vonde ankelen fekk Mahomes fart på angrepet igjen etter pause. Han bidrog sjølv med nokre løp og sette laget i posisjon så Isaiah Pacheco kunne springe inn ballen frå 1 yard.

Rett etter trudde forsvarskjempa Bolton at han for andre gong hadde sprunge inn eit touchdown, men etter videogjennomgang konkluderte dommarane med at Eagles-spelar Miles Sanders ikkje hadde kontroll på ein pasning før han vart takla og miste ballen.

I staden for at Chiefs overtok leiinga, kunne Eagles auke forspranget sitt til seks poeng med eit trepoengspark frå Jake Elliott etter eit angrep som brukte opp 7.45 minutt.

Så vende Chiefs kampen. Mahomes førte laget 70 yards og avslutta med ein pasning til Kadarius Toney, som kunne spasere inn i målsona. Etter at Eagles vart nøydd til å sparke bort ballen, sprang same Toney den tilbake 65 yards, og Mahomes kunne kaste ein ny TD-pasning til Skyy Moore.

Hurts og Eagles svarte, men Chiefs fekk siste ord.

(©NPK)

Kansas City Chiefs-quarterback Patrick Mahomes med Lombardi-trofeet etter sigeren i Superbowl. Han vann ein ugløymeleg quarterbackduell med Jalen Hurts frå Philadelphia Eagles. Foto: Matt Slocum, AP / NTB

Kansas City Chiefs-trener Andy Reid blir dynka i samsvar med tradisjonen med sportsdrikke for å feire sigeren til laget i Superbowl. Foto: Matt Slocum, AP / NTB

Harrison Butker sparkar vinnarpoenga for Kansas City Chiefs i Superbowl åtte sekund før slutt. Foto: Charlie Riedel, AP / NTB

Trass ein vond ankelskade herja Kansas City Chiefs-quarterback Patrick Mahomes med Philadelphia Eagles-forsvaret og førte sitt lag til siger i Superbowl. Foto: Ashley Landis, AP / NTB

Philadelphia Eagles-quarterback Jalen Hurts brukte både kastaren og beina til å straffe Kansas City Chiefs i Superbowl. Foto: Charlie Riedel, AP / NTB

Patrick Mahomes får behandling på sidelinja etter å ha slått opp ankelskaden i første halvdel av søndagens Superbowl. Foto: Ashley Landis, AP / NTB

Kansas City Chiefs-quarterback Patrick Mahomes blir takla av T.J. Edwards og slår opp ankelskaden han pådrog seg i NFL-kvartfinalen. Foto: Marcio J. Sanchez, AP / NTB

Rihanna stod for pauseunderhaldninga i Superbowl søndag. Foto: Matt Slocum, AP / NTB