Annonse

Mæland om reiser: – Forstår at mange er utolmodige

Justisminister Monica Mæland (H) seier ho har stor forståing for at mange er frustrerte over at nye reglar for reiser i Norden lèt vente på seg.

Annonse

– Eg har stor forståing for at dette er frustrerande og ikkje alltid verkar logisk. Vi skal opne så raskt som mogleg, men vi kan ikkje opne raskare enn det som er forsvarleg. Viss vi mistar kontrollen, risikerer vi å måtte stengje ned igjen, sa Mæland på pressekonferansen på fredag om koronasituasjonen.

Justisministeren kom rett frå eit ministermøte i EU der reiserestriksjonar var tema. Torsdag hadde ho møte om same tema med norske næringslivsorganisasjonar.

Regjeringa har inngått avtale med Danmark om fritidsreiser utan karanteneplikt og jobbar for å få på plass liknande avtalar med dei andre nordiske landa innan 15. juni.

Samtidig er det opna for arbeidsreiser til og frå Danmark, Sverige og Finland. I fritida gjeld likevel karanteneplikta.

– Vi håpar å kunne endre dette innan 15. juni, seier Mæland.

Styresmaktene har tidlegare varsla at reiser til og frå nærliggjande europeiske land skal vurderast innan 25. juli, medan Utanriksdepartementet skal komme med nye reiseråd 20. august.

Mæland opplyste òg at alle dei 400 nye stillingane i politiet som vart oppretta i kjølvatnet av koronakrisa, no er besett.

(©NPK)

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) seier ho forstår folks utolmod når det gjeld reiser i Norden. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK