Annonse

Mæland skeptisk til openheit om krisestøtte

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) er skeptisk til å liste opp kva selskap som får krisestøtte.

Annonse

Både MDG og Arbeidarpartiet meiner openheit om kven som får krisestøtte, og kor store tilskot som blir gitt, er viktige tiltak for å hindre misbruk. Dei har teke dette med inn i forhandlingane om kompensasjonsordningane for kriseramma bedrifter som går føre seg på Stortinget.

– Eg synest det høyrest veldig rart ut at enkeltpersonar eller enkeltselskap skal setjast på ei liste, seier Mæland til NTB.

På pressekonferansen måndag opplyste ho å ikkje kjenne til dei konkrete forslaga. Men ho grunngav skepsisen med behovet for å ta vare på personvernet også i krisetider. Det gjeld både enkeltpersonar og bedrifter.

– Openheit er bra, men vi pleier ikkje å legge ut lister over kven som får offentlege ytingar. Eg synest vi framleis skal basere oss på tillit og at folk opptrer ordentleg, uansett kva slags tilskot ein får frå det offentlege, sa ho.

– Vi skal ha system som er lette å handtere, men vanskelege å misbruke, la ho til.

(©NPK)

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) er lunken til ideen om å offentleggjere kva bedrifter som får krisestøtte, og kor mykje dei får. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix