Annonse

Mæland vil at arresterte personar skal framstillast for varetektsfengsling raskare

Fristen for å varetektsfengsle personar som er arresterte, bør kortast ned med eitt døgn, foreslår regjeringa i ny straffeprosesslov.

Regjeringa vil med det nye forslaget som vart lagt fram fredag, endre ordlyden i straffeprosesslova til at den arresterte «snarast mogleg og innan 48 timar etter pågriping» må framstillast for retten med krav om fengsling.

I dag er fristen for å framstille ein arrestert person for varetektsfengsling tre dagar.

Regjeringa opnar likevel i det nye forslaget for at dersom det «etter ei samla vurdering av omstenda i den enkelte sak» blir sett på «særleg påkravd», kan den arresterte bli framstilt seinare, men likevel «aldri seinare enn den tredje dagen etter arrestasjon».

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) foreslår òg at dommarane aktivt skal styre saksførebuinga, såkalla aktiv saksstyring. Dette er godt kjent for aktørane i retten frå sivile saker.

– Vi vil gi norske dommarar eit større rom for å styre gjennomføringa av straffesaker og gi retten meir effektive styringsverktøy. Kortare saksbehandlingstid er viktig for tiltalte og fornærma, og eg håpar dette forslaget vil føre til det, seier ho.

Regjeringa viser til at dei fleste norske straffesaker er små og blir behandla effektivt. Fire av fem saker vart i 2020 behandla på éin dag eller mindre i retten. Samtidig står fem prosent av dei største straffesakene for omtrent femti prosent av straffesaksutgiftene.

(©NPK)