Annonse

Manchester City får spele Meisterliga – CAS omgjorde straffa

Manchester City får likevel delta i Champions League dei komande to sesongane etter å ha nådd fram med anken sin.

Det vart klart då idrettsdomstolen med base i Sveits kunngjorde avgjerda si i saka måndag.

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) straffa i februar den engelske fotballgiganten med utestenging frå Meisterligaen i to sesongar og ei bot på 30 millionar euro. Premier League-klubben vart funnen skuldig i å ha forbrote seg mot reglane i fotballen om økonomisk fair play.

City-leiinga anka straffa vidare til valdgiftsretten i Lausanne, og måndag kom avgjerda frå dommarane der.

CAS reduserer òg bota til 10 millionar euro.

Avviser skuldingane

Bakgrunnen for Uefas avgjerd om å straffe Manchester City er at klubben skal ha overrapportert sponsorinntekter i perioden 2012 til 2016 for å skjule regelstridige tilskot frå klubbens pengesterke eigarar.

Manglande samarbeidsvilje under etterforskinga bidrog òg til den strenge straffa. Etterforsking vart innleia i 2018 på bakgrunn av lekne dokument i datalekkasjen som er kjend under namnet Football Leaks.

I CAS har dei tre dommarane Rui Botica Santos (Portugal), Ulrich Haas (Tyskland) og Andrew McDougall (Frankrike) behandla saka.

Manchester City-leiinga har heile tida avvist skuldingane som har vore retta mot dei. Så seint som i helga gav manager Pep Guardiola uttrykk for at han hadde tiltru til at CAS ville omgjere straffa.

Store konsekvensar

Manchester City har vunne ikkje mindre enn 11 trofé sidan klubbens noverande og pengesterke eigarar frå Abu Dhabi overtok kontrollen. Ein siger i Meisterligaen manglar likevel i premiesamlinga.

I forkant av at avgjerda til valdgiftsretten vart kjend måndag, vart det peika på at to års utestenging frå meisterligaen ville medføre betydelege inntektstap og mogleg spelarflukt.

Manchester City bokførte 93 millionar euro, rundt ein milliard kroner, i premiepengar og TV-inntekter frå Champions league førre sesong. I tillegg kjem billettinntekter og sponsorpengar.

Ekspertar har òg peika på at CAS-dommen i stor grad vil påverke legitimiteten og framtida til fotballens økonomiske fair play-regelverk. I så måte ligg det stor grad av prestisje i saka for Uefa.

Dommen på måndag kan ankast til sveitsisk Høgsterett, men saka vil bli behandla der berre dersom CAS har gjort ein betydeleg feil.

(©NPK)

Manchester City og Raheem Sterling fekk måndag kjennelsen fra CAS. Foto: Julian Finney/Pool via AP / NTB scanpix