Manchester City-stjerne gav frå seg positiv virustest

Premier League-profilen Ilkay Gündogan er smitta av koronaviruset.

Det stadfestar den engelske storklubben sjølv på nettsidene sine måndag.

Meldinga om Gündogans positive test kom berre få timar før City startar sin Premier League-sesong borte mot Wolverhampton.

Klubben opplyser at den tyske midtbanespelaren er sett i sjølvisolasjon i tråd med smittevernreglane som er utarbeidde for fotballen. Gündogan kan slutte seg til treningane igjen etter ti dagar.

«Alle i klubben ønsker Ilkay god og rask betring», heiter det på nettsida måndag.

Det er ikkje kjent når Gündogan kan ha vorte smitta eller om han har symptom.

Ei rekkje spelarar i Premier League har dei siste månadene gitt frå seg positive covid-19 testar. Spelarane blir jamleg testa i tråd med protokollen som er utarbeidd for fotballen i England.

Gündogan var del av den tyske landslagstroppen som tidlegare denne månaden møtte Sveits og Spania i nasjonsligaen. I 1-1-kampen mot Sveits skåra han Tysklands mål.

Manchester City vart nummer to i Premier League førre sesong. Som følgje av deltakinga i Meisterligaen fekk mannskapet til Pep Guardiola utsett starten på den nye ligasesongen med ei veke.

Møtet med Wolves blir dermed den første seriekampen i haust.

(©NPK)

Ilkay Gündogan er smitta av viruset. Foto: Miguel A. Lopes/Pool via AP / NTB scanpix