Maner til kamp mot valdtekt som krigsvåpen

Valdtekt blir stadig oftare brukt som våpen i krig og konflikt - utan særleg risiko for gjerningsmennene. Det vil Noreg og FN ha slutt på.

Fredag møtest verdssamfunnet i Oslo for å skjerpe kampen mot seksuell vald i krig og konflikt.

- Dette er eit stort og veksande problem som har enorme konsekvensar, både for dei som blir utsette for overgrepa, og for lokalsamfunna deira, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) til NTB.

Det er ho sjølv som har dratt i gang den internasjonale konferansen, den første i sitt slag, som Noreg er vertskap for saman med Irak, Somalia, Dei sameinte arabiske emirata, fleire FN-organisasjonar og Den internasjonale Røde Kors-komiteen.

- Gjeld oss alle

Over 90 land er påmelde pluss organisasjonar frå over 50 land. Den kongolesiske legen Denis Mukwege skal halde ein av hovudtalane. Mukwege fekk saman med jesidi-kvinna Nadia Muradi Nobelprisen i fjor for arbeidet sitt for offer for valdtekt i krig.

- Det er heilt utruleg, seier Søreide, som er sterkt engasjert i saka og sjølv har møtt mange offer for krigsvaldtekter.

Leiaren for FNs befolkningsfond (UNFPA), Natalia Kanem, meiner konferansen er eit steg i rett retning.

- Eg håper konferansen vil gjere det tindrande klart at vern av jenter og kvinner er noko som gjeld oss alle, seier ho til NTB.

Auke merksemda

Kunnskapen om korleis seksuell vald medvite blir nytta som våpen i krig og konflikt, har auka dramatisk dei siste åra. Ekspertar har peika på at følgjene altfor ofte blir oversett: Offera må bere på skamma og smerta i lang tid etterpå, men får sjeldan hjelp, medan lokalsamfunn kan bli rivne i filler.

Målet med konferansen er først og fremst å skape større politisk merksemd om temaet.

- Erfaringa viser at når ei sak verken får merksemd eller pengar, er det vanskeleg å gjere noko med henne. Men seksuelle overgrep er ikkje eit biprodukt av krig, det er krigføring med andre verkemiddel og må kjempast mot, seier Søreide.

Må straffast

Både ho og Kanem er særleg opptatt av å få knesett prinsippet om at overgriparar skal straffeforfølgjast.

- Vi kan ikkje tolerere straff-fridom lenger. Slike overgrep må få konsekvensar, også for at offera skal få rettferd. Vi må fjerne stigmaet som følgjer med slike overgrep, seier Kanem.

Søreide peikar på at sjølv om lovgivinga har vorte betre, er det ofte berre leiarane som blir stilte for dei internasjonale straffedomstolane.

- Det er viktig at også dei som faktisk utfører overgrepa, blir straffa, påpeikar ho.

Men problemet er todelt, understrekar ho: Sjølv om nokre land treng hjelp til å få bukt med problemet, er det i andre land styresmaktene sjølve som står bak eller sanksjonerer overgrep.

Meir pengar

- Det trengst kanskje òg ei haldningsendring?

- Ja, det er det ingen tvil om. Det at over 90 land deltar på konferansen, blant dei land der dette er eit utbreidd problem, er veldig viktig, seier Søreide.

Målet hennar er òg å få samla inn så mykje pengar som mogleg til kampen. På konferansen kjem Noreg til å legge ein større sum i potten. Kor mykje, blir kunngjort fredag.

- Det blir betydeleg, seier utanriksministeren.

Pengane kjem på toppen av 200 millionar bistandskroner som allereie er øyremerkte til formålet.

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) har stilt seg i spissen for ein internasjonal kamp mot valdtekt som våpen i krig. Fredag møter ho likesinna frå over 90 land på ein større konferanse i Oslo. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix