Annonse

Minst 50 redda ut av brennande bygning i Mumbai - mange framleis fanga

Mange menneske er framleis innesperra i eit brennande høghus i Mumbai i India. Bygningen husar mellom anna kontora til eit statseigd teleselskap.

Annonse

Minst 50 menneske vart måndag ettermiddag redda ut av bygningen. 16 brannbilar og 200 brannfolk deltar i arbeidet med å sløkke brannen og evakuere folk som ikkje har greidd å komme seg ut.

Den ni etasjar høge bygningen ligg i Bandra-området i Mumbai.

Indisk fjernsyn har vist bilde av menneske som knuser vindauge og som vinkar til brannfolka for å bli evakuert.

- Brannen har ramma andre, tredje og fjerde etasje. Vi har så langt redda 50 menneske, seier ein tilsett i brannvesenet.

- Vi har ikkje det nøyaktige talet, men brannen har tvinga mange menneske til å søke tilflukt på terrassen. Dei bør òg bli frakta i sikkerheit snart, seier han.

Det er førebels ikkje meldt om skadde eller omkomne.

TV-kanalen NDTV anslår at 100 menneske er fanga på terrassen til bygningen, medan kanalen Times Now melder at 50 menneske enno ikkje har komme seg ut.

(©NPK)

Folk ventar på å bli redda ned frå den brennande bygningen i Mumbai. Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTB scanpix