Søkelista er klar - og mange kjente namn dukkar opp.
- Vi er glade for å sjå mange sterke kandidatar, seier styreleiar Merete Smith - og legg til: - Alle vi håpa skulle søke, har søkt.
Søkarlista inneheld13 personar, der éin kandidat er konfidensiell. Av dei opne kandidatane er seks kvinner og seks menn.
Av kjende namn frå teaterverda dukkar Mattis Herman Nyquist, Agnete Haaland, Marit Moum Aune, Kristian Seltun, Runar Hodne og Kjersti Horn opp.
Også mannen som for tida «herjar» på Nationaltheatret som regissør for framsyninga «Vi må snakke om Faust», islendingen Thorleifur Örn Arnarsson, ønsker seg jobben.
Merete Smith kan opplyse at den nye teatersjefen tek over eit teater som kan vise til gode resultat, både kunstnerisk og når det gjeld publikumstal. I 2018 hadde Nationaltheatret 243.273 besøkjande - og eit belegg på 83 prosent.
For den nye teatersjefen dukkar det opp ei ekstra utfordring. Arbeidet med å rehabilitere Nationaltheatret skal nemleg i gang i 2022. Dermed vil organisasjonen vere på flyttefot mellom 2022 til 2026.
- Her må ein ny teatersjef tenke offensivt, slik at Nationaltheatret kan møte publikum utanfor dei tradisjonelle scenene, seier Smith.
Målet er at ny teatersjef skal vere tilsett våren 2019, med oppstart i januar 2021. Stillinga er eit åremål på seks år.
Desse har søkt stillinga som teatersjef på Nationaltheatret:
1. Gaarder, Thorbjørn Johan (63), Oslo
2. Søyland, Bjørn Stamnes (26), Oslo
3. Høyholm, Elin (45), Oslo
4. Haaland, Agnete (58), Bergen
5. Seltun, Kristian (48), Oslo
6. Egeberg, Ingjerd (51)
7. Tovstaul, Ida-Kristin Stavdahl (22), Oslo
8. Arnarsson, Thorleifur Örn (40), Berlin
9. Aune, Marit Moum (54), Oslo
10. Hodne, Runar (48), Oslo
11. Horn, Kjersti (41), Bærum
12. Nyquist, Mattis Herman (37), Oslo
13. Konfidensiell, etter særskild vurdering
(©NPK)
Den islandske regissøren Thorleifur Örn Arnarsson gjev for tida Faust «ein siste fest» på Nationaltheatret. No er han også aktuell på søkjarlista til jobben som teatersjef. Foto: Øyvind Eide