Annonse

Mangelfull datatryggleik i to av fem kommunar

Berre 60 prosent av norske kommunar opplever at dei har sikra dataa sine godt nok. Det bekymrar IKT-Noreg.

Annonse

– Sett i lys av dei gjentakande og alvorlege cyberangrepa mot norske verksemder, er dette urovekkjande, seier administrerande direktør Øyvind Husby i IKT-Noreg i ei pressemelding.

Av statlege verksemder meiner 84 prosent at dei har god informasjonstryggleik, viser rapporten IT i praksis 2020.

Når det gjeld støtte frå relevante styresmakter, meiner 51 prosent av kommunane at ho er god. I statlege verksemder er prosentdelen 70.

– Dette tyder på at det står att eit arbeid i å utvikle eit tilfredsstillande og tilgjengeleg rettleiingsapparat for digital tryggleik i Kommune-Noreg, skriv Rambøll Management Consulting i rapporten.

IKT-Noreg kallar tala for urovekkjande.

– Styresmaktene må støtte kommunane endå betre i arbeidet med god informasjonstryggleik. Det kan vere tydelegare informasjon til brukarar og verksemder om truslar, angrep og tilrådingar om løysingar, seier Husby.

Stortinget opplyste onsdag at dei var ramma av eit dataangrep etter at dei måndag fekk verifisert at data var henta ut gjennom sårbarheiter i e-posttenar-programvara Exchange frå Microsoft. Også i haust vart Stortinget ramma av eit dataangrep.

(©NPK)

40 prosent av norske kommuner meiner at dei ikkje har god informasjonstryggleik. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB