Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Stadig fleire fritidsbåtar treng hjelp av redningstenestene. Svært mange oppdrag kjem av manglande kunnskap og vedlikehald, meiner redningsleiar.
npk@npk.no
Publisert: 11.07.2016 kl 07:14
– Folk kan ikkje båt. Dei er altfor lite flinke til vedlikehald av motor og båt, sørgje for ekstra drivstoff, sjekke kjølevatn og alle gjennomføringar i skrog, at ingenting har morkna sidan sist sesong. Dei har lite kunnskap om kvar dei går med båten, seier Owe Frøland ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg (HRS) til Stavanger Aftenblad. Han meiner det også står dårleg til navigasjonskunnskapane hos mange.
– Dei ser ikkje på sjøkart. Sjøen er ikkje så jamn under som oppå. Båtar grunnstøyter på feil side av seglingsmerke, og går inn der dei trur det er djupt nok.
Søndag var det 25 redningsoppdrag som gjaldt grunnstøyting, lekkasjar og motorproblem eller båtar som gjekk tomme for drivstoff. Elles kan Frøland fortelje om tekniske problem, vatn i drivstoffet, dårleg vedlikehald av elektriske anlegg og batteri utan straum.
– Før ringde folk ein kompis, familie, eller ein nabo med båt for å få hjelp. No ringjer dei redningstenesta og seier «Vi treng hjelp. Kom og hent oss» (©NPK).