Annonse

Mann arrestert etter dobbeltdrap i Marokko

Marokkanske styresmakter stadfestar at ein mann er arrestert i samband med drapa på ei norsk og ei dansk kvinne i Atlasfjella.

Annonse

Ifølgje politiet og innanriksdepartementet i landet vart mannen arrestert i Marrakech, rundt 70 kilometer nord for området der dei to kvinnene vart funne.

Mannen sit no i avhøyr i Marrakech, men politiet jaktar òg på andre mistenkte i saka.

Ei kjelde tett på etterforskinga opplyser til VG at det blir leita etter ytterlegare to menn. Dei skal ha campa saman med den arresterte ikkje langt frå der dei to kvinnene hadde slått leir.

Augevitne skal ha fortalt politiet at dei såg dei tre mennene forlate området rundt klokka 3 natta før kvinnene vart funne, skriv VG. Den arresterte er frå Marrakech, mens dei to andre skal vere frå hamnebyen Safi.

28 år gamle Maren Ueland frå Bryne og 24 år gamle Louisa Vesterager Jespersen frå Grindsted på Sydjylland vart funne drepne i eit fjellområde nær landsbyen Imlil måndag.

Ifølgje marokkanske styresmakter hadde dei to skadar etter vald med ein skarp gjenstand.

Begge kvinnene var studentar ved Universitetet i Søraust-Noreg i Bø i Telemark.

Det var i dette området i Marokko 28 år gamle Maren Ueland frå Bryne og 24 år gamle Louisa Vesterager Jespersen frå Sydjylland i Danmark blei funne drepne måndag. Foto: Marrakechalaan.com / AP / NTB scanpix