Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein mann i 40-årene er i Fjordane tingrett dømt til 90 dagar fengsel for rasistisk motivert vald. Mannen hevdar han var sint på grunn av terrorangrepet i Paris.
npk@npk.no
Publisert: 18.07.2016 kl 15:13
Mannen, som er frå Sunnfjord, slo ein sjåfør i skuldra under ein drosjetur, fordi sjåføren ikkje vil snakke om terrorangrepet i Paris, skriv NRK.
Mannen truga deretter med å skyte sjåføren, som er muslim, om han melde til slaget til politiet. Like etter slo han sjåføren i andletet.
Hendinga som skjedde ei novembernatt i fjor, førte til at sjåføren køyrde av vegen og ropte om hjelp over sambandet. Sjåføren gjekk i sjokk etter hendinga og blei sjukmeldt i to veker.
I retten forklarte mannen at han ikkje har noko hat mot muslimar. Han hevda at utsegna var retta mot den ytterleggåande islamistgruppa IS, og terroristane som stod bak angrepet i Paris få dagar tidlegare.
Tingretten meinte at episoden blei løyst ut av at sjåføren var muslim. Dei meinte mannen sin forklaring ikkje var truverdig. Han blei difor dømt for rasistisk motivert vald.
Mannen erkjente straffskuld for valden, men ikkje for dei hatefulle ytringane.
Ein drosjesjåfør som køyrde mannen tidlegare same natt, fortalde at ho vurderte å åtvare drosjesentralen mot å sende muslimske sjåførar for å hente mannen.
Mannen må også betale drosjesjåføren 20.000 kroner i erstatning, i tillegg til 3.000 kroner for utgifter sjåføren har hatt etter hendinga. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.