Mann dømt til tolv og eit halvt års fengsel for drap i Ålesund

Ein 30-åring frå Ålesund som knivstakk og drap Robin André Svendsen (29) i Ålesund i februar, er i Sunnmøre tingrett dømt til tolv og eit halvt års fengsel.

Ein 30-åring frå Ålesund som knivstakk og drap Robin André Svendsen (29) i Ålesund i februar, er i Sunnmøre tingrett dømt til tolv og eit halvt års fengsel.

Aktor Jogeir Nogva la ned påstand om 14 års fengsel då saka gjekk for tingretten i førre veke, melder Sunnmørsposten.

Svendsen vart drepen på open gate i Ålesund sentrum rundt klokka 16.45 måndag 26 februar. Den no dømte 30-åringen var rusa og knivstakk Svendsen i handa og brystregionen utanfor Scandic Hotel Ålesund på Brunholmen i sentrum av byen.

30-åringen vart dømt for forsettleg drap.

- Kniven kan gjere potensiell skade, og den er laga som eit potensielt drapsvåpen. Når ein ber med seg ein slik kniv, skjuler den i jakka, så må ein legge til grunn at tiltalte har hatt ein medvit om at han har hatt med seg noko som er livstruande, sa statsadvokat Nogva i sin prosedyre, ifølgje Sunnmørsposten.

Mannen vart også dømt til å betale ei samla erstatning på 266.000 kroner.

- Retten er ikkje i tvil om at tiltalte var tilrekneleg under handlinga, sa tingrettsdommar Hanne Ombudstvedt då ho las opp dommen.

(©NPK)

Ein 29 år gammal mann døydde etter at han vart knivstukken i Ålesund sentrum i februar. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix