Mann erkjenner drap i Evanger

(NPK-NTB): Den sikta tilstår drapet på ei 58 år gammal kvinne i Evanger i Voss kommune, melder NRK. Kvinna vart funnen drepen i eit hus i Evanger torsdag ettermiddag, og mannen vart gripen like etter.

– Den sikta erkjenner drapet. Han gir uttrykk for det han har gjort som forferdeleg, seier forsvarar Rolf Knudsen til NRK.

Den sikta sat i avhøyr torsdag kveld.

– Han samarbeider godt med politiet. Utover det kan eg ikkje kommentere saka ytterlegare av omsyn til den pågåande etterforskinga, seier Knudsen.

Mannen i 40-åra samtykkjer til varetektsfengsling og blir avhøyrd vidare fredag, ifølgje NRK.

Det var ein nabo som melde frå om dødsfallet.

Kvinna vart funnen død inne i eit bustadhus i Evanger sentrum etter at meldinga kom ved 16-tida. Ein snau time etter vart mannen gripen utandørs, ikkje så langt unna åstaden.

Både huset og området rundt er sperra av, og krimteknikarar jobba på staden torsdag kveld og utover natta. (©NPK)