Annonse

Mann gripen etter å ha forstyrra Solbergs 22. juli-tale

Ein mann ropte høgt og forstyrra statsminister Erna Solbergs tale under minnemarkeringa for 22. juli ved regjeringskvartalet. Politiet har kontroll på han.

Ropinga førte til at folk snudde seg då mannen byrja å rope. Han vart ifølgje NTBs reporter på staden raskt tatt hand om av politiet.

- Ein mann ropte og forstyrra på staden. Politiet har kontroll på han, men det er ikkje tatt stilling til om han blir arrestert og frakta til arresten, opplyser operasjonsleiar Marianne Heidenstrøm i Oslo politidistrikt til NTB.

I talen sin tok Solberg til orde mot ekstremt tankegods og konspirasjonsteoriar.

- Tankegodset som motiverte terroren her og på Utøya, må framleis kjempast mot. Hatet var ikkje blindt og umotivert. I det ekstreme tankeuniverset til terroristen var regjeringskvartalet eit legitimt mål, sa Solberg.

- Engasjementet til AUF-ungdommane, tankegods og fellesskap var ein trussel mot verdsbildet hans og ideen hans om kva Noreg skulle vere, heldt ho fram.

Solberg understreka at polarisering og falske nyheiter er ein del av medieverkelegheita og oppmoda neste generasjon til å vere historiebevisste og kjeldekritiske.

Ho viste òg til angrepet på to moskear på New Zealand og angrepet mot kyrkjene på Sri Lanka tidlegare i år. Dei er ifølgje Solberg fryktelege påminningar om at ideologien til terroristane og ideen om eit «oss og dei» blir delt av mange.

(©NPK)

Politiet har kontroll på ein mann som hylte og skreik under minnemarkeringa i regjeringskvartalet i Oslo måndag morgon, åtte år etter terrorangrepa 22. juli 2011. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix