Klargjør siden...
Annonse

Mann gripen for å ha trua med å skyte Nav-tilsette

(NPK-NTB): Politiet i Bergen greip onsdag ein mann i 30-åra som er mistenkt for å ha trua med å skyte tilsette ved eit Nav-kontor.

Nav-kontoret i Solheimsgaten varsla politiet om trusselen like etter klokka 9.30, og ein time seinare vart mannen gripen i Bergen sentrum, skriv Bergensavisen.

– Det var ingen problem under gripinga. Vi fann heller ingen våpen på han, men skal også sjekke bustaden hans, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Mannen er ein såkalla kjenning av politiet. Nav-kontoret heldt stengt mens politiet leitte etter mannen. (©NPK)

Annonse