Mann køyrde fleire kilometer i motsett køyrefelt i Oslo

Ein mann køyrde fleire kilometer i det motsette køyrefeltet på E18 ved Hjortnes i Oslo før han til slutt vart møtt av politiet.

- Bilen møtte fleire køyretøy på vegen, men til alt hell gjekk det bra. Det kunne potensielt oppstått fleire farlege situasjonar, seier operasjonsleiar Vidar Pedersen til VG.

Videoopptaka viser at bilen køyrde i det motgåande køyrefeltet heilt frå botnen av Ekebergtunnelen, ifølgje Vegtrafikksentralen. Det er ei strekning på over seks kilometer.

- Om du skulle hamne i det motgåande køyrefeltet må du snu. Om du ikkje klarer det, må du køyre inn til sida og sette på varselblink. Det siste du skal gjere, er å køyre vidare, seier Pedersen.

Mannen som er arrestert, er i slutten av 20-åra. Han har innrømt å ha køyrt i rusa tilstand og er tatt til politihuset, der det blir tatt prøver.

(©NPK)