Annonse

Mann skutt i handa av politiet i Bergen

(NPK-NTB): Politiet har fyrt av to skot mot ein mann som hadde gøymt seg i Sandviken i Bergen. Han er skadd i handa og køyrd til sjukehus.

Dei andre bebuarane i bustaden blei evakuert medan politiet prøvde å forhandle med mannen, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet tok seg inn i leilegheita like før klokka 14 måndag ettermiddag, og losna to skot. Mannen blei skutt i handa, og frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Ifølgje politiet var mannen i 20-årene rusa og psykisk ustabil. Han er kjent for politiet frå før, skriv Bergens Tidende.

Ifølgje politiet sin innsatsleiar Njål Hope blei det fyrt av skot mot politiet, før politiet skaut mannen.

– Vi var i dialog med han over ganske lang tid. Til slutt aksjonerte politiet. Det er sagt frå mannskapa at det blei skutt mot dei, og dei måtte skyte mot han for å hindre ytterlegare skot, seier Hope til Bergensavisen.

Politiet har rutinemessig varsla Spesialeininga for politisaker etter hendinga. (©NPK)

Annonse