Mannen som forgifta Julius beklaga i anonymt brev til politiet

Den 44 år gamle mannen som kasta tre flasker som inneheldt amfetamin inn til sjimpansen Julius, la seg i førre veke flat i eit anonymt brev til politiet.

Politiet hadde då etterforska saka i nøyaktig tre veker utan å ha ein mistenkt gjerningsperson.

- Brevet var handskrive og hadde ukjent sendar. Der stod det at gjerningspersonen var svært lei seg, seier politiadvokat Ole Martin Paulsen i Agder politidistrikt til TV 2.

Julius vart alvorleg sjuk etter å ha drukke av ei plastflaske som vart kasta inn til han 21. februar i Kristiansand Dyrepark. Den berømte sjimpansen gjekk inn i ein psykoseliknande tilstand der han mellom anna påførte seg sjølv alvorlege bitskadar i armen. Etter å ha fått behandling kom han etter kvart utanfor livsfare.

I tida etter hendinga undersøkte politiet overvakingsmateriale og gjorde avhøyr. Torsdag i førre veke vart ein 44 år gammal mann sikta etter å ha vorte identifisert på overvakingsbilde.

Paulsen seier til TV 2 at brevet hadde ei viss tyding for etterforskinga

- Det vart ikkje i seg sjølv avgjerande, men det var ein av fleire ting vi kunne bruke i etterforskinga vår.

Han legg til at politiet brukte betalingsinformasjon og overvaking til å skaffe seg ei oversikt over besøkande i dyreparken i det aktuelle tidsrommet. Der stod mellom anna namnet til 44-åringen. Då han er ei kjenning av politiet, og tidlegare straffedømt for narkotikalovbrot, var mannen ein naturleg mistenkt.

Sikta har opplyst til politiet at det var han som sende det anonyme brevet, og erkjente i avhøyr å ha forgifta Julius.

(©NPK)

Sjimpansen Julius vart alvorleg sjuk etter at ein flaske med narkotika vart kastet inn til han i vinterferien.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix