Annonse

Manshaus gjekk rettens veg for å behalde formuen - tapte

Politiet fekk i Asker og Bærum tingrett medhald i å behalde kontrollen over millionformuen til den draps- og terrorsikta Philip Manshaus.

Årsaka til at politiet har kravd hefte i verdiar som tilhøyrer 22-åringen, er at dei vil sikre betalinga av erstatning og oppreising til etterlatne og offer.

Fredag vart det klart at retten meiner det er ein klar risiko for at midlane han har, forsvinn, og at offera ikkje får erstatning, og politiet får dermed medhald i heftet, skriv Nettavisen.

Det betyr at politiet har kontroll over formuen hans, slik at han ikkje kan disponere han sjølv.

Det førebelse erstatningskravet er på rundt rekna fire millionar kroner, ifølgje politiadvokat Hilde Strand.

Av dokument som Nettavisen har fått tilgang til, går det fram at formuen gjeld ein halvpart av ei leilegheit han eig i Oslo, og politiet har tatt heft i verdiar på inntil fem millionar kroner. Ifølgje eigedomsregisteret kjøpte Manshaus og ein familiemedlem leilegheita for 5,9 millionar kroner i november 2016.

Det var laurdag 10. august at moskeen Al-Noor Islamic Centre i Bærum vart ramma av terror, men ingen personar vart alvorleg skadde. Like før moskéangrepet drap Manshaus den 17 år gamle stesøstera si, Johanne Zhangjia Ihle-Hansen.

(©NPK)

Politiet har teke beslag i formuen til Philip Manshaus for å sikre at det er pengar til å dekkje erstatningskrava. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix