Maria Ressa for retten på Filippinane

Den prislønte journalisten Maria Ressa står for retten på Filippinane i ei sak som blir sett på som eit forsøk frå regimet på å kneble pressefridomen.

Ressa har grunnlagt og leier nyheitstenesta Rappler, som har vore kritisk i omtalen av Filippinanes president Rodrigo Duterte, særleg den sterkt kritiserte krigen hans mot narkotika.

I 2018 vart den tidlegare CNN-korrespondenten kåra til Årets person for journalistikken sin av Time Magazine, men i februar i år vart ho arrestert, sikta for å ha ærekrenkt ein forretningsmann i 2012.

Styresmaktene har sidan også tatt ut sikting for ei rekke andre forhold, mellom anna brot på lova om utanlandsk eigarskap av media og skattelova.

Ikkje skremt

- Regjeringa håper å skremme oss ved stele av den personlege tida mi og ressursane våre, sa Ressa då det førebuande rettsmøtet starta i Manila tysdag utan at ho var til stades.

- Eg lèt meg ikkje skremme. Vi held fram å gjere jobben vår. Journalistikk har aldri vore viktigare enn i dagens Filippinane, la ho til.

55-åringen er arrestert og fengsla to gonger i år, men er no ute mot kausjon. Hovudforhandlingane opnar 30. juli.

Duterte-kritikk

Canadas utanriksminister Chrystia Freeland og USAs tidlegare utanriksminister Madeleine Albright er blant dei som har uttrykt stor bekymring over Filippinanes behandling av Ressa, og den leiande menneskerettsadvokaten Amal Clooney har slutta seg til forsvararteamet hennar.

- Det er eit mønster at journalistar som avdekker overgrep, blir arresterte, medan dei som står bak overgrepa går fri, seier Clooney.

President Rodrigo Duterte har fleire gonger langa ut mot Rappler, nekta journalistane til nyheitstenesta tilgang til offentlege tilstelninger og forbode offentleg tilsette å snakke med dei.

Filippinane hamnar no heilt nede på 134.-plass av dei 178 landa journalistorganisasjonen Reporters Without Borders har rangert etter pressefridom.

(©NPK)

Filippinanes president Rodrigo Duterte (foto) slår hardt ned på kritisk journalistikk. Tysdag opna rettssaka mot Filippinanes mest kjente journalist, Maria Ressa. Foto: AP / NTB scanpix

- Det er eit mønster at journalistar som avdekker overgrep, blir arrestert, seier Ressas forsvarar Amal Clooney. Her er Clooney under ein pressefridom-konferanse i London tidlegare i juli. Foto: Dominic Lipinski/PA via AP / NTB scanpix